Krigen kjem til Voss
Krigskvardag
Mat og rasjonering
Meir om dette
Skule, kyrkje og administrasjon
Nazistar i bygda
Propaganda
Okkupasjonsåra var prega av intens propaganda, frå alle kantar. Tyskarane var meistrar i å laga god propaganda i alle tilgjengelege media, og NS-styret hadde og gode folk til å handtera propagandaen sin. Dei norske styresmaktene i London dreiv på si side aktiv propagandaverksemd, både gjennom radio og illegale aviser.
Meir om dette
Lensmann og politi
Gestapohuset i Bergen
Det tyske politiet var det verre med. Gestapo var overalt, og hadde sine informatørar blant folk. Det var ille å havna i Gestapos klør, der ein kunne bli teken med til Gestapohuset i Bergen og utsett for fæl tortur. Frykten for angjevarar var sterk, sjølv om folk her i bygda stort sett visste korleis dei andre sto. Men det var alltid mistenkjeleg når framandfolk kom til bygda og byrja spørje seg for. Fleire vossingar havna i fangeleirar og i Tyskland.
Omgang med tyskarane
Heimefronten sende ut parolar om å danna ein såkalla isfront mot NS-folk og tyskararar. Den ga seg mest utslag i at folk flest ville ha minst mogleg å gjera med tyskarane. I desse åra sto det til ei kvar tid mellom 3-5 000 tyske soldatar i bygda. Det var mykje eldre menn som ikkje eigna seg så godt for frontteneste, og elles soldatar på permisjon frå Austfronten, der opphaldet her vart rekna som "ferie" frå det harde frontlivet. Norge var elles saman med Danmark det einaste tyskokkuperte landet i Europa der soldatane ikkje trong bera våpen når dei omgjekk sivile på fritida. Nordmenn vart rekna som "fredlege" og "ufarlege" . I ettertid har gjerne tyske soldatar karakterisert opphaldet i Norge som den beste tida deira under krigen.
Meir om dette
Russiske krigsfangar
Her kan du lesa meir om dei ulike formene som sivil motstand gav seg uttrykk i, og korleis den militære heimefronten vart bygd opp (Milorg).

Peikarsamling Bombinga av Ulvik og Voss - bilde Bombinga av Voss - bilde Bilde frå okkupasjonstida på Voss (Google) Bilde frå Voss og Vestlandet 1940-45 Gudvangen - vegen til Voss 1940 Ein tysk soldat kjem til bygda (Vi Menn) Okkupert kvardag (NRK-serie) Ein tysk soldat går i land i Bergen og kjempar langs Vossebanen og fortel i dagboka si og med unike foto korleis dette går for seg...han kjem heilt til Myrdal Fem år i krig - krigshandlingar og kvardagsliv i Voss og grannebygdene 1940-45. Vestanbok forlag 1990. |