Krigsminne Voss‎ > ‎

Krigen kjem til Voss

Meir om
Mobilisering

Mobiliseringa gjekk svært gale mange stader i landet. Det var ofte full forvirring om kvar og når dei innkalla soldatane skulle møta, og stor mangel på våpen og utstyr. Mobiliseringa på Voss var ei av dei som vart betre gjennomført. Over 6 000 mann møtte opp dagane etter innkallinga 9.april, og dei vart samla på Bømoen.

På grunn av faren for bombing, vart dei etter kvart fordelt på gardane rundt omkring i bygda. Dette var ikkje like lett å gjennomføra, sidan fleire tusen sivile bergensarar også hadde kome til bygda og trong mat og innkvartering. Her vart det gjort eit stort og godt arbeid frå vossingane for å gjennomføra alt dette på ein god måte.

Dei militære leiarane hadde tenkt å angripa dei tyske styrkane som var på veg mot bygda frå Bergen, men fekk ordre frå den øvste krigsleiinga om heller å dra austover for å møta tyskarane der. Derfor drog størstedelen av dei norske soldatane, 4500 mann, med tog til Hallingdal og møtte dei tyske invasjonsstyrkane der og i Valdres og Numedalen.
Det var derfor ein fåtallig norsk styrke som kunne møta tyskarane på vegen til Voss.

Sjølv om mobiliseringa stort sett gjekk greit, vart det ein del forvirring på Bømoen. Mange soldatar som kom, fekk berre beskjed om å venta, utan å kunne gjera noko. I tillegg til dei innkalla møtte og mange andre opp for å gjera ein innsats. Dette førte til at mottaksapparatet vart sprengt og var lite effektivt dei første dagane.


Meir om
Bombinga
Tyskarane visste at Voss var det sentrale området for mobiliseringa av militære styrkar når dei iverksette bombing av tettstaden Vangen. Dette var ein type bombing som ikkje primært var retta mot militære mål, men hadde til føremål å setja skrekk i folk og å øydeleggje infrastrukturen. Dette var ei form for bombekrig som seinare i krigen vart svært vanleg, frå begge sider. Ein ville demoralisere både sivile og soldatar mot å gjera motstand mot dei tre tyske åtaksgruppene som nå var på veg mot Voss.

Bombinga vart nok også gjennomført for å hindra at dei allierte skulle bruka jarnbanen i eit eventuelt motangrep mot tyskarane, sidan Voss var eit knutepunkt for Bergensbanen.

Gjennom bombing tre dagar 23.-25.april vart mesteparten av husa på Vangen lagt i ruinar, og likeeins fleire hus i omgjevnadene. Det var heldigvis minimalt med tap av menneskeliv, då folk hadde rømt bustadene på førehand. Det vart nytta både spreng- og brannbomber, som gjorde maksimalt med skade då dei aller fleste av husa var laga av tre. Brannvesenet kunne gjera lite for å minske skadene, m.a. fordi dei mista vasstrykket i leidningane frå Vangsvatnet.


Den siste dagen var flyåtaka retta meir mot dei norske militære styrkane som var drivne på retrett oppover Vossestrand og Raundalen.
Til saman 10 nordmenn døde i løpet av desse tre dagane.


Meir om
Tyskarane kjem
Mange hadde tenkt at det tyske angrepet kanskje ville koma i form av fallskjermtroppar. Men tyskarane valde å gå til åtak berre med landstyrkar, frå tre ulike kantar. Hovudstyrken rykte fram langs jarnbanelina frå Bergen. To mindre styrkar vart sette i land med båtar i Granvin og Ålvik. Dei skulle ta seg fram til Voss via Skjervet og over fjellet til Bordalen.

Langs jarnbanen møtte tyskarane ein del motstand, m.a. ved Vaksdal og Evanger, men dei norske styrkane måtte raskt dra seg attende for den tyske overmakta. Dei norske soldatane var utrente sivilistar i uniform, medan dei tyske soldatane var topptrente med godt utstyr.
Nordmennene hadde fått laga eit slags pansertog med påmontert kanon, og kunne fleire stader yta hard motstand. Tanken var å laga ei solid forsvarsline ved Evanger, men etter kraftige tyske angrep m.a. frå fly, måtte ein gje opp motstanden og flykta attende til Vangen.

I Skjervet møtte tyskarane motstand frå nordmenn som låg oppe i høgda med gode maskingeværstillingar. Men dette overtaket vart ikkje godt nok utnytta, og tyskarane klatra m.a. opp fjellsida ved Skår.
Frå Ålvik måtte dei tyske soldatane forsera bratte skrentar og store snømengder, men møtte liten motstand når dei kom ned Bordalen.

25.april om kvelden marsjerte dei første tyske styrkane inn på Vangen, og dagen etter var heile Vossebygda under tysk kontroll. Dei norske krigsfangane, 200 i talet, vart i første omgang internert i Vangskyrkja, og etter nokre veker slept fri.



Comments