Krigsminne Voss‎ > ‎

Krigskvardag

Meir om
Mat og rasjonering


Voss er ei jordbruksbygd, med gode tilhøve for produksjon av varierte landbruksprodukt. Korn, poteter, grønsaker, mjølk og kjøtproduksjon frå gris og kyr var før krigen viktige næringsvegar for bønder i bygda. Men i fem år skulle mange tusen tyskarar i bygda ha mat og stell, og det var mange nordmenn andre stader frå som kom og ville kjøpa mat.
Regjeringa innførte tidleg rasjonering på basisvarer, og utvida etter kvart dei produkta som skulle rasjonerast. Tyskarane krevde store mengder kjøt, poteter, høy mm i tillegg til køyretøy. Bygda fekk og ei bot på 100 000 kroner.

Bøndene kunne ikkje lenger fritt omsetja varene sine, og ei eiga matforsyningsnemnd skulle sikra at matvarene vart distribuert rettferdig slik at alle som trong det skulle få, uavhengig av betalingsevne. Tilsette kontrollørar drog rundt og talde opp kva kvar enkelt bonde produserte, og skulle passa på at alt skulle fordelast slik styresmaktene krevde det.

Rasjoneringskø framfor Forsyningsnemnda på Vangen   Kjelde: Tysklandsbrigaden.no

Tanken var god, men i praksis vart det annleis. Bøndene gøymde unna store mengder med matprodukt, som anten vart brukt av deira eigen hushaldning eller seld på den svartemarknaden som etter kvart utvikla seg. Vener og slekt kom på vitjing og fekk med seg mat i byte for andre ting. Det utvikla seg ein marknad basert på bytehandel, pengar var ikkje så viktig lenger.

Slik gjekk det til at matproduksjonen i offisielle statistikkar faktisk gjekk kraftig ned i krigstida, medan det i røynda var annsleis.

Det var ingen som svalt i Vossebygda, sjølv om det kunne vera lite med matvarer. Sko og klede var det og knapt med, men folk var kreative og fann løysingar på det. Verre var det med husnauda, som eit resultat av bombinga i 1940. Det kunne vera trongt om plassen der folk vart mellombels innkvartert.



Meir om
Skule, kyrkje og administrasjon


 

Skulen vart sett under eit sterkt press i desse åra. NS-regjeringa ville ha full kontroll med den oppveksande slekta, og innførte mange forordningar som skulle sikre dette. Lærarar som ikkje ville med i det nye Lærarsambandet, vart truga med å missa jobben og verta sendt til Finnmark. Men dei fleste lærarane her i bygda nekta å bøya seg for dei nye styresmaktene, og heldt fram som før. Berre eit fåtal vart innkalla til forhøyr. Som straff vart fleire lærarar sett til tvangsarbeid eller sendt til Kirkenes.

Verre var det at mange skulehus vart rekvirert til bruk for okkupantane, nokre for kortare tid, andre for bruk heile krigen til ende. Då måtte ein ta i bruk andre mellombels husløysingar for skulegongen. Den gamle omgangsskulen vart teken i bruk på nytt. Skulebøkene skulle og erstattast med nytt og meir "tidsrett" skulemateriell, men dette vart stort sett ikkje gjort på Voss. 
Konfirmantar  på Voss i november 1940 Presten Peter Madland var ein viktig representant for prestane på Voss i motstanden mot det nye styret. Kjelde:Avisa Hordaland

Kyrkja vart ei viktig kraft i kampen mot okkupantar og NS. Alt tidleg tok dei norske biskopane standpunkt mot nazismen, og det kristne Norge stod fast på motstanden sin gjennom alle krigsåra. Nokre stader i landet let prestar seg overtala Til samarbeid, mest av frykt for å miste både arbeid og sosialt nettverk. På Voss var det ingen av prestane som bøygde seg for tyskarar eller NS, og folk strøymde til kyrkja som aldri før. I 1942 la prestane på Voss ned embeta sine i protest.

Då tyskarane kom, ønskte dei at livet stort sett skulle gå som før. Men etter kvart kom det mange krav, som førte til at heradsstyret og ordførar gjekk av, og vart erstatta av nye folk som var meir tru mot okkupantane. Det var få NS-folk i bygda, og mange av dei som opererte her, kom utanbygds frå.




Meir om
Propaganda
Okkupasjonsåra var prega av intens propaganda, frå alle kantar. Tyskarane var meistrar i å laga god propaganda i alle tilgjengelege media, og NS-styret hadde og gode folk til å handtera propagandaen sin. Dei norske styresmaktene i London dreiv på si side aktiv propagandaverksemd, både gjennom radio og illegale aviser.

  
Filmavisene var obligatorisk del av alle filmane som vart vist på kino. Her framstilte NS-styret utviklinga i Norge som svært positiv, og kunne melda om tyske framgangar på alle frontar. Filmavisa vart vist før sjølve hovudfilmen, og folk tok derfor til å koma inn i kinolokalet først då filmen byrja. Dette vart ulovleg, og dørene stengt når filmavisa vart synt.

Propagandaplakatar
dukka opp overalt, og den dyktige reklamemannen Erik Damsleth hadde tidleg gått i teneste for NS-styret og laga mange effektive og visuelt slåande plakatar. Ein kunne ikkje unngå desse plakatane, og det var strengt ulovleg å riva dei ned, slik mange kunne ønskja.

Avisene var sensurert, og folk lærte seg til å lesa mellom linene. Dei vart etter kvart pålagt å innsetja nye redaktørar som var trugne mot NS-styret, og dei som nekta vart innstilt. Aviser som heldt fram med naziredaktørar fekk eit stort fortrinn då krigen var over, sjølv om dei oftast fekk bøter for det dei hadde gjort. Avisene som hadde vore innstilt måtte starta frå grunnen av. Her i bygda fekk avisa Hordaland naziredaktør og kunne halda fram, mens Horda Tidend måtte innstilla. I Bergen fekk Bergens Tidende NS-redaktør medan Bergens Arbeidarblad og Gula Tidend innstilte.

Mange illegale aviser dukka opp, laga av lokale motstandsgrupper og trykt opp på stensilmaskiner av dårleg kvalitet. Det var strenge straffer for å distribuera slike aviser.
eks


Radiosendingane
frå NRK var i hendene på NS-styret, men var stort sett berre tilgjengeleg for NS-medlemer, sidan tyskarane hadde konfiskert alle andre radioapparat i 1941. Dei apparata som ein fekk gøymd unna, vart brukte til å høyra på sendingane frå London, noko som var ulovleg og kunne straffast strengt. Men folk viste stor oppfinnsemd når det gjaldt å gøyma apparata, alt frå falske veggar og koksbingen til vedstapelen vart nytta.


Frimerker og brevstempel kunne og nyttast til propaganda. Quisling vart avbilda på mange merke, samt nasjonale motiv frå vikingtid og anna. Då dei allierte tok i bruk V-teiknet som sigersymbol, tok både tyskarane og NS det same teiknet i bruk som "sitt" teikn.




Comments