Forteljarane
Ingebrigt Hesjedal
Ingebrigt Hesjedal (1921) er frå Dale og fortel om motstandsarbeidet i Bergsdalen og Hamlagrøområdet. Han opplevde 9.april i Bergen, og vende attende til bygda. Her vart han tilsett på Forsyningskontoret, og fortel om rasjonering og matmangel på Dale, som ikkje hadde særleg jordbruksland. Første tida var det nok mat, men etter kvart svolt mange, og fleire døde nok av matmangel. Fortel om skule og kyrkje, friviljuge organisasjonar som fekk stor oppslutnad. Bruk av illegale radioapparat, og gislar som vart utpeika av Abwehr på Voss. Kom gradvis med i heimefronten. 00:00 Synneva Hesjedal les opp informasjon om motstandsrørsla i Bergsdalen 10:29 Ingebrigt Hesjedal fortel om oppvekst 11:20 Levevilkåra på Dale før krigen, mange kommunistar 12:25 Quisling og andre politikarar i mellomkrigstida 13.20 9.april 14:20 Terbovens tale 14:40 Jobbliv, forsyningskontoret 16:00 Rasjonering og folks reaksjonar, matvaresituasjonen 17:47 To store industribedrifter, men lite jordbruksland, fisket vart berginga 18:38 Suppekjøkken vart oppretta, men mange svolt, bytehandel klede mot mat 21:00 Svartebørs, eldre bukka under pga matmangel 21:45 Vanskar med å skaffa råvarer? Erstatningsvarer, innskrenkingar i produksjonen 22:50 Arbeid på tyske anlegg 23:05 Frivillige organisasjonar var sterkt aktive, korleis såg tyskarane på dette? 23:38 Nazistar i bygda, tyske soldatar 23:24 Radioapparat i bruk 26:30 Ungdommen, danseforbod, propagandafilmar 27:15 Skulen, undervisninga gjekk stort sett som vanleg, svenskesuppa, lærarar arrestert 28:25 Kyrkja og prestane 29:10 Gislar vart utpeika av Abwehr på Voss 29:53 Ansvarleg for å oppretta depot for heimefronten 32:15 Frigjeringsdagane, London Radio 35:20 7.juni 35:55 Rettsoppgjeret Opptak 28.8.98 Intervjuar Jan Eidi |
Borghild Dale
Borghild Dale vaks opp saman med fire søskjen og vart konfirmert i 1942. Her fortel ho korleis born og unge på Voss opplevde krigsåra, om kva folk hadde å eta, og om alle dei rare matrettane som folk laga med erstatningsprodukt for matvarer som ein ikkje elles fekk tak i. "Hausten 1939 byrja rasjoneringa av sukker og kaffe, og det vart problematisk å få tak i mjøl og mjelk. Då krigen kom vart matsituasjonen forverra. Det hende me fekk kjøpt mjelk på gardene, men dette var ulovleg. Brød var det dårleg med, for folk hadde ikkje mjøl til å baka av. Kverna i bygda var forsegla og ulovleg å bruka. Men me braut forseglinga og malte mjøl om natta medan nokon sto utanfor og heldt vakt. Dei fleste heldt gris, og me gjekk rundt på gardane under poteopptakinga og fekk tak i pote. Me åt potegraut, potesuppe, potekaker og drakk potekaffe. Me laga kaffi av alt mogleg og laga te av bær og lauv. Smør fantest ikkje. Den vesle margarinklatten me fekk tak i blanda me med graut som me smurte på brødskiva når me hadde brød i huset. Det hende at me fekk tak i ein sardinboks. Då helte me olja frå sardinboksen over brødskiva. Middagsmaten var ofte steikt kålrabi med pote til, og me bruka mykje sild som ein kunne kjøpa fritt. Eg sykla inn til Vangen og sto i sildakø. Me fiska i alle vatn me kunne, plukka mykje bær, og det hende me fekk tatt ryper i snarer. Saccarin vart brukt som erstatning for sukker. Når nokon hadde geburtsdag, fekk me nokre kveitekorn av bestefar. Desse tørka me, malte dei så på ei kaffekvern og fekk omsider nok mjøl til å baka ei kake. Eggpulver vart brukt i staden for for egg, og me laga krem av skumma mjelk. Heimelaga potemjøl vart blanda med mjelk som me koka opp og vispa til krem når den var vorten kald. Av bryllaupsdressen til far sydde mor ei flott drakt til konfirmasjonen min. Far hadde kjøpt sko til meg som var minst to nummer for store. Eg gret då eg gjekk med dei fordi føtene mine ikkje vart større. Eg såg ljosare på det då eg fekk rasjoneringskort så eg kunne handla nye sko av papir og fiskeskinn. Far dyrka tobakksplantar som han stelte godt med. Ungdomane var med i I.O.G.T. og gjekk på møte i Frelsesarmeen. All dans var forbode, men ulovleg låvedans vart allikevel arrangert." "Russiske fangar hogg ved i skogen. Dei tyske fangevaktarane såg ein annan veg når me kom for å dela med fangane det me hadde av mat. Så laga russerane ringar til oss av myntar som me ga dei. Og dei laget fugla av tre til oss. Om kvelden 7.mai 1945 kom beskjeden om at det var fred. Då drog me til stasjonen og pynta toget med bjørkelauv" 00:00 Oppvekst 01:10 Mat, rasjonering, mjelk og brød 03:40 Ulovleg bruk av kvern 06:44 Kaffi laga av alt mogleg 07:30 Erstatningsmargarin 08:44 Nok mat? 10:30 Matkøar? 10:50 Villagrisar 11:15 Bærplukking 12:25 Erstatningsmjøl 13:20 Rasjoneringskort 14:10 Erstatningsvarer 16:30 Klede og sko 22:10 Skilnader mellom folk? 22:30 Svartebørshandel, tobakk 24:00 Skulegong og fritid 25:50 Redde for tyskarane? 26:30 Ulovleg låvadans med konsekvensar 28:50 Kino 29:40 Tyskarjenter? 30:20 Freden 30:50 Russarfangane 32:25 Nazistar i bygda? Intervju på Voss 28.5.98 Intervjuar Aslak T.Helleve |
Ivar Ødegård
Ivar Ødegård (f.1913) fekk ansvaret for Forsyningsnemnda på Vossastrand under krigen. Her fortel han korleis det vart sjonglert med rasjoneringskorta slik at ein fekk ordna mat til evakuerte personar og til folk som låg i dekning. Då motstandsrørsla på Voss vart rulla opp, var han ettersøkt av tyskarane og måtte sjølv røme i dekning. "Eg vart tilsett i Forsyningsnemda i 1940. I byrjinga jobba eg åleine, men etter kvart som fleire matvarer vart rasjonert, blei det tilsett fleire folk. Dei første varene som vart rasjonert var mjøl, sukker, smør og kaffi. Det vart innført tvangsdyrking av pote, men inntil tyskarane byrja å rekvirera matvarer, kunne pote omsetjast fritt. Kvar bonde var pålagt å levera pote til tyskarane. Mange let vera å gjere det. Dei som hadde mjelkekyr måtte levera mjelk på meieriet. Det var nøye utrekna kor mange liter per ku som skulle leverast. Men kontrollen var slapp og folk flest hadde ingen problem med å skaffa seg dei mest naudsynlege matvarene. Folk evakuerte hit frå Bergen og låg opp til to år på gardane her. Lokalbefolkninga på Voss melde seg frivillig til å ta seg av dei evakuerte. Dei fekk beskjed om å levera flyttemelding til oss, slik at me kunne skaffa dei matforsyningar. Det gjekk føre seg litt handel med rasjoneringskort. Det var tobakk- og brennevinskort som sto høgast i kurs, men folk prøvde og å skaffa seg ekstra kvotar av mjelk, smør og kjøt. Me hadde ein ordfører som var i NS, men han blanda seg aldri opp i arbeidet vårt. Me som sat på kontoret var alle med i Heimefronten, og det var svært få NS-folk på Voss. Då to karar vart sendt over hit frå England i 1943, vart det fart i motstandsarbeidet. Me tok imot flyslepp med våpen, og dei to karane dreiv med våpenopplæring og hadde sendar med dagleg samband til England. Eg fekk advart dei i tide då eg fikk greie på at dei skulle arresterast av tyskarane. Dei to sabotørane, Dalland og Skåtun, kom seg trygt unna. Etter dette var det stor tysk aktivitet i området. Ein av dei fyrste dagane i april 1945 vart Skåtun teken av tyskarane, mens Dalland kom seg unna. Neste morgon var det razzia her, og eg skulle arresterast. Eg forsvann opp i fjella. Heile heimefronten på Voss vart rulla opp få veker før freden kom. 45 mann vart arrestert og dei fleste av dei vart sendt til fangeleiren på Espeland der dei sat til krigens slutt." "Den siste dagen før frigjeringa var eg berre 600 meter frå heimen min. Her fekk eg beskjed om den tyske kapitulasjonen. Klokka sju om morgonen 7. mai 1945 vart flagget heist heime. Eit par dagar seinare byrja eg på nytt i Forsyningsnemnda og gradvis vart det lempa på rasjoneringa." 00:00 Oppvekst 00:38 Ansvar for forsyningsnemnda på Vossastrand, arbeidet der 03:25 Tvangsdyrking, levering til tyskarane 05:25 Episodar med levering til tyskarane 07:00 Mange bergensarar kom til bygda 08:30 Forsyningshjelp til politiske flyktningar 10:00 Svartebørs? 11:00 Reisebevis for biltrafikken 11:22 Nazistisk ordførar 12:20 Nazistar i bygda? 12:40 Kom med i heimafronten 13:40 Oppbygging av heimafronten, kontakt med England og agentar 17:10 Tyske aksjonar 20:55 Flyslepp 22:48 Tysk storaksjon mot heimafronten, razzia, mange fengsla 26:30 Rømde og gøymde meg 27:25 Frigjeringa 29:40 Heldt fram i Forsyningsnemnda, rasjonering etter krigsslutt 30:50 Rettsoppgjeret Intervju 28.8.98 Intervjuar Aslak T Helleve og Jan Eidi |
Knut Nedkvitne
Knut Nedkvitne (f.1920) vaks opp i ein søskjenflokk på seks born. Faren var lærar på Voss middelskule. Knut utdanna seg som forstmann ved Voss jordbruksskule under krigen og han arbeidde som forstmannsassistent i krigsåra. Samstundes tok han del i motstandsarbeidet. Etter krigen har han m.a. vore rektor på Voss jordbruksskule. "Det var ikkje så veldig dårlege tider her i 1930-åra.Voss er ei typisk jordbruksbygd og folk flest greide seg bra med mat. Men det var mykje arbeidsløyse i bygda. Om morgonen 9.april 1940 høyrde eg på radioen at tyske troppar sto i landet vårt. På skulen heldt ein av lærarane eit lite foredrag for oss elevar før me vart sende heim. Me melde oss på mobiliseringskontoret på Voss og vart køyrde til Bømoen der me fekk utlevert uniformar. Våpen fekk me ikkje. Ein tropp vart raska saman og me vart sende nedover til ei bru som alt var sprengt av norske militære styrkar for å seinka tyskerane si framrykkjing. Ved den sprengte brua vart me sette til å grava skyttergraver, og der låg me i 10 dagar frametter. Me hadde ikkje våpen, men me såg optimistisk på situasjonen og kva som ville henda frametter. Det gjekk mange rykter, og det verka som om det var ei stor påkjenning for offiserane i troppen vår. Dei fleste i troppen kom frå fiskeværa langs kysten. Troppsjefen vår kom frå Trondheim og var sivilingeniør. 24. og 25. april vart Voss bomba. Eg låg heime då bombeangrepet starta. Mange fekk panikk. Me vart sendt ned for å hjelpa folk som evakuerte frå Vangen, og for å hjelpa til med å berga verdiar frå butikkar som sto i brann. Alt roa seg ned og etter kvart fullførte eg utdanninga mi som forstmann. I 1943 var eg i Oslo då ein representant for motstandsrørsla spurte om eg ville bringa ein ryggsekk med våpen og ammunisjon til Røa. Eg utførte det eg var vorten beden om før me reiste vidare til Namdalseid. Herifrå gjekk det fluktruter over til Sverige, og i ein dal nord for Namsos hadde me oppretta samband med England og tok imot særmeldingar. Eg var ikkje organisert i Heimefronten, men eg utførte oppdrag for dei når eg vart beden om det. Folk kom nære kvarandre i krigsåra, men det var skralt med mat mange plassar. I dag er folk blitt alt for kravstore." "I 1945 gjekk eg siste året på gymnaset. Plassen utanfor avhaldskafeen på Voss var full av folk då me fekk kunngjeringa om at det var fred. Alle som hadde gått på gymnaset var med og gjekk i tog. Dei få nazistane som hadde vore på Voss var greie. Dei fekk milde domar i rettsoppgjeret som fulgte etter krigen." (Svak lyd, vert oppgradert) YouTube 00:00 Elev på Voss gymnas då krigen kom 00:46 Oppvekst 01:00 9.april 02:30 Melde oss til militærtenesta 14.april, Bømoen og Skjervet 07:35 Bombinga av Vangen, redningsarbeid 12:50 Tyskarane kjem, vert dimittert 14:15 Redde for meir bombing og strid 15:15 Folk evakuert 16:40 Møte med den første tyskaraen 18:20 I Oslo som forstmann 1943, oppdrag frå motstandsrørsla, frfakt av sten guns 22:30 Tok imot særmeldingar i Trøndelag, svensketrafikk 29:10 Fredsdagane 30:50 Rettsoppgjeret |
Håkon Skiple
Håkon Skiple (f.1915) var eldst i ein søskjenflokk på fem. Han var vernepliktig sersjant i 1938 og mellom dei fyrste som møtte opp då mobiliseringsordren kom etter det tyske åtaket på Norge 9.april 1940. Etter at landet hadde kapitulert, var han tilsett som politibetjent på Voss samstundes som han tok del i motstandsarbeidet i bygda. "Då krigen kom til Norge var eg nestkommanderande i troppen til kaptein Haukeland. Me gjekk på ski over fjellet fram til kampområdet, og kom i trefningar med tyskarane like utafor Kongsberg. Då me kom til Geilo fekk me høyra at Voss var bomba. I Hallingdal fekk me ordre om å dra vestover, men me vart skotne på av tyske troppar og måtte trekkje oss attende. Dei såra vart sende til Holms Hotell på Geilo, og det vart sett opp ein ny bataljon som skulle sendast til Sogn. Neste morgon fekk me beskjed om at kampane var slutt og me vart dimittert. Eg ville dra nordetter, men då eg kom til Åndalsnes var kampane slutt. Eg drog heim til Voss. Her vart eg tilsett som politivakt på lensmannen sitt kontor. Eg hadde vanleg politiarbeid, og lensmannen tok seg av det sivile. Me var tre stykke i politiet, og me måtte heile tida passa på at ingen ting av det illegale arbeidet som hende i bygda kom ut. Tyskerane hadde fått ordre om å retta seg etter norske bestemmelsar. Ein gong kasta eg ut, under stor jubel, to tyske kapteinar frå ei kinoforestilling. Dagen etter vart eg innkalla til det tyske politiet som ga meg ei forferdeleg overhaling. Eg kom med i motstandsrørsla automatisk. Det byrja med at eg frakta våpen og mat til heimestyrkane. Me nytta politibilen til transport. Til dagleg brukte me dei blå politiuniformane, men når me skulle køyra våpen eller flyktningar tok me på oss dei grøne uniformane. Kom me til ein kontrollpost ropa me berre "heil og sæl" og me gjekk glatt gjennom. Bilen var som regel full av våpen og ammunisjon som skulle leverast til motstandsrørsla. Det hende og at eg måtte gje beskjed til folk som var i faresonen. Eg vart stoppa i kontroll då eg kom syklande med ei kasse full av sprengstoff bak på sykkelbrettet. Sprengstoffet skulle brukast til å sabotera bergensbanen. Eg klarte å bløffa meg gjennom kontrollen, men etter at eg hadde kome velberga igjennom, kom reaksjonen. I 1943 fekk eg i oppdrag å skaffa teikningar av dei tyske militæranlegga. Teikningane kom fram til England etter at eg hadde utført oppdraget." "Då tyskarane bygde flyplassen her i distriktet, kom det mykje rask til bygda. Det skaffa oss i politiet mykje ekstraarbeid. Ekstra stas var det blant folk hvis ein NS-mann måtte sitja i arresten. Då gikk folk rundt og ropa: Sjå korleis det går med det nye Norge! " 00:00 Oppvekst 00:43 Mobilisering, sendt til Valdres 01: 40 Møte med tyskarane i Numedal 03:30 Harde kampar på Mjølfjell 08:00 Lokomotiv sendt gjennom Gravahalsen for å stoppa tyskaran 09:40 Dimittert i Ålesund,, gjekk på ski heim att 11:10 Tilsett i politiet 12:40 Politiarbeid 13:40 Kontakt med tyskarane 15:00 Episoden på kinoen 17:45 Med i heimefronten, varsla om tyske aksjonar 19:20 Tips om folk i faresonen, hjelp til kurerar 23:30 Henta sprengstoff, i politikontroll 27:17 Russiske fangar 28:00 Vanskeleg kombinasjon å vera både i politiet og driva illegalt arbeid? 29:15 Tilhøvet til norske nazistar 31:20 Tyske anlegg skapte mykje arbeid 32:30 Rettsoppgjeret og oppgjeret med NS Intervju på Voss 28.8.1998 Intervjuarar Aslak T.Helleve og Jan Eidi |