Krigsminne‎ > ‎Forteljarane‎ > ‎

Borghild Dale

lagt inn 18. okt. 2017, 09:28 av Bjørn Enes   [ oppdatert 24. okt. 2017, 09:54 ]
 Borghild Dale vaks opp saman med fire søskjen og vart konfirmert i 1942.
Her fortel ho korleis born og unge på Voss opplevde krigsåra, om kva folk hadde å eta,
og om alle dei rare matrettane som folk laga med erstatningsprodukt for matvarer som ein ikkje elles fekk tak i.

   "Hausten 1939 byrja rasjoneringa av sukker og kaffe, og det vart problematisk å få tak i mjøl og mjelk. Då krigen kom vart matsituasjonen forverra. Det hende me fekk kjøpt mjelk på gardene, men dette var ulovleg. Brød var det dårleg med, for folk hadde ikkje mjøl til å baka av. Kverna i bygda var forsegla og ulovleg å bruka. Men me braut forseglinga og malte mjøl om natta medan nokon sto utanfor og heldt vakt.

Dei fleste heldt gris, og me gjekk rundt på gardane under poteopptakinga og fekk tak i pote.  Me åt potegraut, potesuppe, potekaker og drakk potekaffe. Me laga kaffi av alt mogleg og laga te av bær og lauv. Smør fantest ikkje. Den vesle margarinklatten me fekk tak i blanda me med graut som me smurte på brødskiva når me hadde brød i huset. Det hende at me fekk tak i ein sardinboks. Då helte me olja frå sardinboksen over brødskiva. Middagsmaten var ofte steikt kålrabi med pote til, og me bruka mykje sild som ein kunne kjøpa fritt. Eg sykla inn til Vangen og sto i sildakø. Me fiska i alle vatn me kunne, plukka mykje bær, og det hende me fekk tatt ryper i snarer. Saccarin vart brukt som erstatning for sukker. Når nokon hadde geburtsdag, fekk me nokre kveitekorn av bestefar. Desse tørka me, malte dei så på ei kaffekvern og fekk omsider nok mjøl til å baka ei kake. Eggpulver vart brukt i staden for for egg, og me laga krem av skumma mjelk. Heimelaga potemjøl vart blanda med mjelk som me koka opp og vispa til krem når den var vorten kald.

Av bryllaupsdressen til far sydde mor ei flott drakt til konfirmasjonen min. Far hadde kjøpt sko til meg som var minst to nummer for store. Eg gret då eg gjekk med dei fordi føtene mine ikkje vart større. Eg såg ljosare på det då eg fekk rasjoneringskort så eg kunne handla nye sko av papir og fiskeskinn. Far dyrka tobakksplantar som han stelte godt med. Ungdomane var med i I.O.G.T. og gjekk på møte i Frelsesarmeen. All dans var forbode, men ulovleg låvedans vart allikevel arrangert."

"Russiske fangar hogg ved i skogen. Dei tyske fangevaktarane såg ein annan veg når me kom for å dela med fangane det me hadde av mat. Så laga russerane ringar til oss av myntar som me ga dei. Og dei laget fugla av tre til oss. Om kvelden 7.mai 1945 kom beskjeden om at det var fred. Då drog me til stasjonen og pynta toget med bjørkelauv"



Borhild Dale


00:00  Oppvekst
01:10  Mat, rasjonering, mjelk og brød
03:40  Ulovleg bruk av kvern
06:44  Kaffi laga av alt mogleg
07:30  Erstatningsmargarin
08:44  Nok mat?
10:30  Matkøar?
10:50  Villagrisar
11:15  Bærplukking


Comments