Krigsminne‎ > ‎Forteljarane‎ > ‎

Ivar Ødegård

lagt inn 18. okt. 2017, 09:27 av Bjørn Enes   [ oppdatert 20. okt. 2017, 06:28 av lars Saakvitne ]
 Ivar Ødegård (f.1913) fekk ansvaret for Forsyningsnemnda på Voss under krigen. Her fortel han korleis det vart sjonglert med rasjoneringskorta slik at ein fekk ordna mat til evakuerte personar og til folk som låg i dekning. Då motstandsrørsla på Voss vart rulla opp, var han ettersøkt av tyskarane og måtte sjølv røme i dekning.

    "Eg vart tilsett i Forsyningsnemda i 1940. I byrjinga jobba eg åleine, men etter kvart som fleire matvarer vart rasjonert, blei det tilsett fleire folk. Dei første varene som vart rasjonert var mjøl, sukker, smør og kaffi. Det vart innført tvangsdyrking av pote, men inntil tyskarane byrja å rekvirera matvarer, kunne pote omsetjast fritt. Kvar bonde var pålagt å levera pote til tyskarane. Mange let vera å gjere det. Dei som hadde mjelkekyr måtte levera mjelk på meieriet. Det var nøye utrekna kor mange liter per ku som skulle leverast. Men kontrollen var slapp og folk flest hadde ingen problem med å skaffa seg dei mest naudsynlege matvarene.

Folk evakuerte hit frå Bergen og låg opp til to år på gardane her. Lokalbefolkninga på Voss melde seg frivillig til å ta seg av dei evakuerte. Dei fekk beskjed om å levera flyttemelding til oss, slik at me kunne skaffa dei matforsyningar. Det gjekk føre seg litt handel med rasjoneringskort. Det var tobakk- og brennevinskort som sto høgast i kurs, men folk prøvde og å skaffa seg ekstra kvotar av mjelk, smør og kjøt. Me hadde ein ordfører som var i NS, men han blanda seg aldri opp i arbeidet vårt. Me som sat på kontoret var alle med i Heimefronten, og det var svært få NS-folk på Voss.

Då to karar vart sendt over hit frå England i 1943, vart det fart i motstandsarbeidet. Me tok imot flyslepp med våpen, og dei to karane dreiv med våpenopplæring og hadde sendar med dagleg samband til England. Eg fekk advart dei i tide då eg fikk greie på at dei skulle arresterast av tyskarane. Dei to sabotørane, Dalland og Skåtun, kom seg trygt unna. Etter dette var det stor tysk aktivitet i området.

Ein av dei fyrste dagane i april 1945 vart Skåtun teken av tyskarane, mens Dalland kom seg unna. Neste morgon var det razzia her, og eg skulle arresterast. Eg forsvann opp i fjella. Heile heimefronten på Voss vart rulla opp få veker før freden kom. 45 mann vart arrestert og dei fleste av dei vart sendt til fangeleiren på Espeland der dei sat til krigens slutt."

"Den siste dagen før frigjeringa var eg berre 600 meter frå heimen min. Her fekk eg beskjed om den tyske kapitulasjonen. Klokka sju om morgonen 7. mai 1945 vart flagget heist heime. Eit par dagar seinare byrja eg på nytt i Forsyningsnemnda og gradvis vart det lempa på rasjoneringa."



Ivar Ødegård:


Stikkord om innhaldet kjem  her 
Comments